Vårt bryllupsteam

Karoline Wollan

Marie sin forlovar


Etter brudgommen er det nok ingen som kjenner bruden bedre enn Karoline. Ho har vore ein viktig del av livet til bruden sidan tidlig i tenårane. Gjennom åra har vennskapet deira vakse i takt med livet; frå ungdomstid og studiar til jobbkvardagar og småbarnsliv.

Ho er den som alltid stiller opp – i glede, i sorg og i alt som ligg imellom. Karoline har ein heilt spesiell evne til å både støtte og utfordre, og er ein person både bruden og brudgommen beundrar og verdsett høgt.



Mette Evjen Røset

Marie sin forlovar


Mette har kjent bruden sidan barneskulen, og har vore ein viktig del av livet hennar heilt sidan. Dei har delt skispor, klasserom og vinflaskar, og både konkurrert og ledd seg gjennom oppveksten.

Sjølv om dei har budd i ulike byar dei siste åra, er alt som før når dei møtast. Mette er ei som tenker klart, står støtt og møter verda med eit smil – ein venn bruden alltid kan stole på. Ho representerar grunnmuren og det trygge, og var sjølvsagt eit heilt naturleg val som brudens forlovar. 

Aurora Martine Myklestad

Marie sin forlovar


Aurora og bruden har kjent kvarandre sidan dei var 12 og begge litt sjenerte, då dei rusla heim frå "Dalle" saman. Vennskapet deira har videre vakse gjennom ungdomstid, idrett, studiar og alt som har følgd med det.

Aurora er sportsleg, uthaldande og kjapp i replikkane, og ho får alltid både bruden og alle andre til å le. Ho ser folk, inkluderer alle og stiller alltid opp – samtidig som ho tør å si ifrå når bruden treng ei mild, men presis justering.


Samuel Johan Sårheim

Per Anders sin forlovar


Lillebroren som har vore der heilt frå starten, gjennom alle år og fasar, på godt og vondt. Han representerer familien, røtene, og alt det som ligg i det å ha nokon som kjenner deg utan filter. Han treng ikkje mange ord for å forstå kva brudgommen meiner, og han veit meir om kven brudgommen er enn dei fleste. 


Mathias Sundfjord

Per Anders sin forlovar


Ein av brudgommen sine næraste. Det som starta som eit studentvenskap for snart ti år sidan, har utvikla seg til å bli ein av dei tryggaste konstantane i livet til brudgommen. Han representerer vaksenlivet, men òg den delen av livet der vennskap ikkje lenger handlar om å berre ha det gøy, men om å vere der for kvarandre.


Aleksander Bruun

Toastmaster


Brudeparet sin svoger og kveldens uoffisielle humøransvarlege. Aleksander deler toastmasterjobben med Nora og sørgjer for at talarar kjem på scena til rett tid – og av igjen når det trengst. Han er kjent for å levere ein grovis eller to når stemninga krev det, men lovar at nivået held seg innanfor bryllaupsvenlege grenser.

Nora Oleanne Sårheim

Toastmaster


Brudgommen si søster, operasongar og multitaskar av rang. Ho deler toastmasteransvaret med Aleksander og sørgjer for at både talarar og tidsplan treff akkurat den tonen dei skal. Ho er dessutan den som sørgjer for at Aleksander sine grovisar held seg innanfor det brura vil kalle «akseptable grenser».