Q & A

Korleis kjem eg meg frå Trondheim lufthavn (Værnes) til Bårdshaug Herregård?

Frå Værnes tek det om lag 1,5 time med bil til Bårdshaug Herregård i Orkanger. Du kan leige bil på flyplassen eller ta tog eller flybuss til Trondheim sentrum, og vidare derfrå med tog eller buss til Orkanger.

Næraste togstasjon er Orkland stasjon (Thamshavnbanen), men dei fleste vel buss eller bil.

Buss 320 (Trondheim–Orkanger) går jamleg frå Trondheim sentrum og stoppar like ved Bårdshaug Herregård.

Kvar skal vi bu?

Vi håpar at så mange som mogleg vil bu på Bårdshaug Herregård saman med oss denne helga – det hadde vore veldig stas å samle flest mogleg under same tak!

Det er sjølvsagt heilt fritt å ordne seg andre alternativ i nærleiken, men vi anbefaler varmt å bu på herregarden der både middag og fest vert haldne.

Gjestar får rabatterte prisar på romma, og reservasjon kan gjerast ved å sende e-post til post@baardshaug.no.

Er barn velkomne i bryllaupet?

Vi set stor pris på alle dei små i liva våre, men laurdagen ønskjer vi å feire som ein vaksenfest. Born er velkomne til vigsla og bli-kjent-festen på fredag, medan bryllaupsfesten blir utan barn.Vi håpar de forstår, og at de får ein fin kveld med tid til å nyte og feire saman med oss.


Dersom dette gjer det vanskeleg for nokon å kome, finn vi sjølvsagt ei løysing saman – ta gjerne kontakt med oss.

Er det sett opp transport til og frå kirken?

Kan eg ta bilete under seremonien?

Vi ønskjer å ha fullt fokus på augneblinken, så vi ber om at mobilane blir liggjande under sjølve vigsla. Fotografen vår fangar alt det vakre – vi lovar å dele bileta seinare!

Eg har lyst til å seie nokre ord under middagen – korleis går eg fram?

Så kjekt at du har lyst til å bidra unnder middagen!
For å sikre at alt går knirkefritt under middagen, er det fint om du tek kontakt med ein av toastmasterane på førehand. Dei har oversikt over rekkefølgje og tidsplan, og hjelper deg med å finne eit passande tidspunkt.

Eg har matallergiar eller spesielle behov – kva gjer eg?

Dette kan du enkelt melde frå om når du svarar under RSVP-fana.

Dersom du allereie har sendt inn svaret og gløymde å skrive det der, kan du berre sende ei melding eller e-post til Marie eller Per Anders, så ordnar vi det. 

Når treng de svar på om vi kjem?

Vi blir veldig glade om du gjev oss beskjed innan 1. mai 2025
Då får vi betre oversikt til å planleggje mat, overnatting og alt det praktiske.